Er du lege, og ønskjer nye utfordringar i ein periode?
Om stillinga
Statsforvaltaren søkjer deg som er lege med spesialitet eller under spesialisering i allmennmedisin eller psykiatri, eller har anna relevant bakgrunn. Stillinga er eit eittårig engasjement ( 20%) ved avdeling for helse, sosial og barnevern hjå Statsforvaltaren i Vestland. Vi ønskjer å tilsette deg snarast.
Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelsetenester og nasjonale styresmakter. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål.
Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosialfag, helse, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader på Leikanger og i Bergen. Stillinga vert knytt til seksjon kommunehelse og -omsorg. Statsforvaltaren har òg kontorlokale i Førde, som det er mogleg å nytte seg av.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver i stillinga vil i hovudsak vere arbeid med klager på tvangsmedisineringsvedtak i Helse Førde (psykisk helsevernlova, kapittel 4.4) og rettleiing av LIS1-legar i grupper som Statsforvaltaren har ansvaret for. Her vil du vere ein av fleire legar vi har engasjert. Andre legeoppgåver kan òg vera aktuelle.
Oppgåvene knytt til tvangsmedisineringsvedtak handlar i hovudsak om vurdering av vilkåra for tvang og overprøving av vedtaka etter klage. Ved klager på tvangsmedisinering, har vi som mål å handsame desse innan tre arbeidsdagar, og det er som regel naudsynt å samtale med pasienten. Du må difor i nokon grad kunne bestemme over eiga arbeidstid eller kunne rydde plass til desse oppdraga.
Vi rettleiar LIS1-legar som har sin praksis i kommunen. I møta tek vi opp problemstillingar dei er opptekne av, i tillegg til å ha merksemd på læringsmåla dei skal oppnå i denne perioden.
Du vil få opplæring og jobbe saman med juristane, legane og andre tilsette hjå oss. Vi legg vekt på evne til å jobbe i team, fleksibilitet, positiv innstilling og gode skriftlege framstillingsevner. Vi skriv i hovudsak på nynorsk.
Kvalifikasjonar
Erfaring frå psykiatri/allmennpraksis er ein fordel, men ingen føresetnad.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
Omfang: Deltid
Varigheit: Engasjement
Vilkår
Stillinga er lønna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 880 000–1 000 000 brutto per år i full stilling ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av:
Fylkeslege Sjur Lehmann, fmhosle@statsforvalteren.no,
tlf. 55 57 22 18/ 45 24 58 35
Seksjonssjef Linda Svori, fmsflsv@statsforvalteren.no,
tlf. 57 64 31 61/ 93 28 64 42
Om Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.