Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse Bergen

Klinikkoverlege ved Øyane DPS, Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS), Helse Bergen

Publisert 2022-01-14 11.35
Søknadsfrist: 2022-02-13

imagey0rak.png

imageyvg4.png

Er du opptatt av leiarskap og ønskjer å vere med å skape dei beste tenestene til våre innbygjarar? 

Øyane DPS er lokalisert på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring frå Bergen sentrum. Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. og har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbygjarar over 18 år.

Klinikken består av allmennpsykiatrisk poliklinikk (med ambulant team), allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 10 senger, psykose døgnseksjon med 8 senger (kor ei seng er brukarstyrt) og psykose/rehabiliteringspoliklinikk.

Øyane DPS har ca. 114 tilsette; legar, psykologar, sjukepleiarar/vernepleiarar, assistentar samt merkantil personale.

Vi har som mål at vi til ei kvar tid tilbyr pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging. For å lukkast med dette satsar vi på vidareutvikling av pasienten si helseteneste, kvalitetsarbeid, pasientsikkerheit, forsking og systematisk fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane for å tilby gode, koordinerte tenester.

Er du vår nye klinikkoverlege?

Som klinikkoverlege vil du ha ansvar for å ivareta kompetanseutvikling for legane og vere ein nær samarbeidspart for utdanningskoordinator i divisjonen.
Vi har i dag 5 overlegar, 2  LIS 3, LIS 1 og 1 lege i sitt sjukehusår. For å nå måla våre satsar vi på eit sterkt fagleg fokus og vi planlegg mellom anna å doble talet på overlegar dei neste tre åra.

For å lukkast i rolla som klinikkoverlege må du vere engasjert, ansvarleg og løysingsorientert, samt  bidra til å sikre at Øyane DPS sine ressursar blir forvalta til det beste for pasientane våre og for heile regionsjukehuset. 

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode.

Klinikkoverlegen rapporterer til og er del av leiargruppa til klinikkdirektør ved Øyane DPS.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for klinikken sine overordna mål og resultat, sikre god drift gjennom å utvikle rutinar og prosessar i fellesskap med dei andre i leiargruppa
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområde i og utanfor klinikken
  • Rettleiing av overlegar og LIS
  • Leiar for lokalt utdanningsutval for lis
  • Rekruttering av legar
  • Delta i klinisk arbeid avhengig av eigen kompetanse og interessefelt
  • Ansvar for å leggje til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Vere ein god rollemodell i forhold til sjukehuset sin visjon, mål og verdiar
  • Medisinskfagleg rådgjevar for klinikkdirektør

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen, spesialist i psykiatri
  • Gjerne leiarerfaring og/eller -utdanning
  • Erfaring og/eller interesse innan undervising/opplæring
  • Erfaring i kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Forskingskompetanse som PhD og erfaring frå samarbeid med universitet og høgskular er ønskjeleg
  • Kunnskap om spesialisthelsetenesta
  • Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Er analytisk og strategisk med god organisasjonsforståing
  • Opptatt av å bidra til gode løysingar med eit overordna perspektiv
  • Er fleksibel i forhold til oppgåver og strukturert i forhold til innhald
  • Opptatt av å gjere medarbeidarane gode og skape eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Er involverande og god på samarbeid
  • Er resultatorientert og tar avgjersler til det beste for klinikken og divisjonen
  • God i formidling

Vi tilbyr

  • Ei unik moglegheit for å vere med på å utvikle og følgje opp morgondagens helseteneste
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Stillingar: 1
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4458421857

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Blombakkane 75, 5353 Straume, Norge

imageq9uiq.png

Liv Åse Dybdal
Klinikkdirektør
905 49 664
Margrethe Songstad
Klinikkoverlege
56 32 66 00image3gsf.png

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

imagezx2n7.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Overlege / spesialist

  • Arbeidsgiver

    Helse Bergen

  • Sted

    Straume

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2022-02-13

  • Publiseringsdato

    2022-01-14

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!