Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Helse- og omsorgsdepartementet

2 års engasjement som seniorrådgjevar i kommunetenesteavdelinga, Helse- og omsorgsdepartementet

Publisert 2022-01-13 12.29
Søknadsfrist: 2022-02-09

imageyaob9.png

Vil du vere ein sentral deltakar i arbeidet vi gjer med å utvikle allmennlege­tenestene?

image92qfa.pngOm Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.

Ønskjer du å arbeide hos oss i Kommunetenesteavdelinga?

Helseomsorg

 

Avdelinga har hovudansvar for staten sin politikk knytt til helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova, medrekna omsorgstenester, fastlegeordninga og andre allmennlegetenester, helsestasjonar, skulehelseteneste og tannhelseteneste.

Vidare inngår òg det koordinerande ansvaret for departementet sitt arbeid med mellom anna psykisk helsevern, rus- og valdsfeltet, born og unge, rehabilitering, menneske med funksjonsnedsetjingar og minoritetsfeltet.

Avdelinga har etatsstyrings­ansvar for Statens helsetilsyn og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta, og varetek etatsstyringsrolla departementet har overfor statsforvaltarane og konsultasjonsordninga med kommunesektoren.

Avdelinga har fire seksjonar: Seksjon for innovasjon og kompetanse, seksjon for utvikling, seksjon for helsetenester og økonomi, og seksjon for tverrfaglege tenester og tannhelsetenester.


imagev0ah.png

Om Seksjon for helsetenester og økonomi

Engasjementet er i seksjon for helsetenester og økonomi. Seksjonen har ansvar for helsetenester i kommunen; allmennlegetenestene inkl. fastlege­ordninga og legevakt, fysioterapi- og rehabiliterings­tenester, helsestasjon- og skulehelse­tenesta m.m.

Seksjonen tek seg òg av sakshandsaming knytt til etatsstyring av Helsetilsynet, Undersøkings­kommisjonen og statsforvaltarane.

I tillegg koordinerer seksjonen budsjettarbeidet i avdelinga, og har fleire andre koordinerings­funksjonar for HOD.

Arbeidsoppgåver

Du blir ein sentral deltakar i arbeidet avdelinga gjer med å utvikle allmennlege­tenestene, og får eit særleg ansvar for legevakt. Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet i avdelinga er òg aktuelle. Du skal kome med innspel til politiske avgjersler og stå i tett kontakt med fagmiljø i Helsedirektoratet.

imageh0r.png

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • helst medisinsk embetseksamen, eventuelt anna relevant helsefagleg eller samfunnsfagleg utdanning på mastergradnivå
  • god kompetanse om organisering, finansiering og styring m.m. av legevakt og andre allmennlegetenester og/eller den akuttmedisinske kjeda i Noreg og i liknande land
  • røynsle frå helsetenesta eller helseforvaltinga
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • til stilling som seniorrådgjevar krev vi normalt minst 6 år relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • er sjølvstendig, strukturert og leveringsfør
  • er initiativrik og resultatorientert med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • har gode analytiske evner og solid fagleg kompetanse
  • god rolleforståing
  • god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
  • har gode samarbeidsevner
  • er raus og har godt humør

Vi legg vekt på at du høver som person.

Vi tilbyr

  • Toårig engasjement
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Eit spennande og fagleg utfordrande miljø med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og trivelege kollegaer
  • God pensjonsordning
  • Fem veker ferie og fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida
  • Omfang: Heiltid
  • Varigheit: Engasjement

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 600 000–850 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vil du vite meir? 

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt medavdelingsdirektør Maren Skaset på tlf.: 22 24 85 88

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

    

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Rådgiver

  • Arbeidsgiver

    Helse- og omsorgsdepartementet

  • Sted

    Oslo

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2022-02-09

  • Publiseringsdato

    2022-01-13

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!