Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Ledig jobb


Herøy kommune

Ledige fastlegeheimlar ved Herøy og Myrvåg legesenter, Herøy kommune, Barn-familie og helse

Publisert 2021-11-22 13.57
Søknadsfrist: 2021-12-09

image6xv2j.png

Herøy kommune har tre ledige fastlegeheimlar ved dei to legesentera i kommunen:

  • Ein heimel ved Myrvåg legesenter. Listetak 800.
  • To heimlar ved Herøy legesenter. Om lag 1400 listepasientar skal fordelast på dei to heimlane
  • Alle heimlane er ledige frå 01.01.22

Myrvåg legesenter ligg i Myrvåg, har fire fastlegeheimlar og ei LIS1-stilling

Herøy legesenter ligg på Eggesbønes, har seks fastlegeheimlar og ei LIS1-stilling

I tillegg er det ein solopraksis i nærleiken av Herøy legesenter (Fosnavåg helsehus)

Kommunen har nyleg vedtatt plan for legetenesta og er i gang med implementering av denne. Du finn den her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf". Det er stor politisk og administrativ vilje til å utvikle legetenesta til ei teneste som er bra for innbyggjarane og for dei som skal jobbe i tenesta. Dersom du søkjer på fastlegeheimel i Herøy, vil du få vere med på dette viktige utviklingsarbeidet. 

Vi har siste halvåret tilsett fire fastlegar.

Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt og ligg 30-45 min frå legesentera.
Vi har interkommunal legevakt i Hovdebygda på ettermiddag, helg og natt (sjå under).

Ønsker du å prøve deg som fastlege, kan du også søke om å vere vikar i desse heimlane. For å kunne inngå ALIS-avtale, må vikariatet vare minst 1 år.

Arbeidsoppgåver

For alle heimlane gjeld vanlege fastlegeoppgåver.

Det er pr. i dag ikkje knytt andre allmennlegeoppgåver til heimlane, men dette kan bli aktuelt, og det kan også vere ei moglegheit for dei som ønsker det.  

Kvalifikasjonar

  • du må oppfylle vilkår i Forskrift om kompetansekrav for leger
  • du må gjerne vere spesialist i allmennmedisin eller vere i slik spesialisering
  • det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men ikkje eit krav
  • du må kunne ta ansvar for veiledning og/eller supervisjon av LIS-legar (LIS1 og ALIS) dersom du har kompetansen til dette
  • du må ønske å bidra til å bygge opp eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen

Politiattest må leggjast fram før oppstart

Personlege eigenskapar

  • du likar eller har ønske om å vere fastlege
  • det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ønsker å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp
  • du samarbeider godt med andre og ønsker å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som utviklar den samla legetenesta i kommunen
  • du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det 
  • du har godt og jamt humør, og du er fleksibel

Vi tilbyr

  • Valg mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fast løn
  • Gode lokale/utstyr
  • Hjelpepersonell med lang erfaring
  • Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 12. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt helg og nattevakter (Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda)
  • Vi vil legge til rette for at spesialisering i allmennmedisin kan gjennomførast
  • ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
  • Gunstige 8.2-avtalar (jf. ASA 4310, pkt.8)
  • Kostnadsfri overtaking av heimlane
  • Stillingar: 1
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4447716157

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. 

Søkjarlista kan verte offentleggjort. 

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Norge

imagewvjpt.png

Runa Bakke
Avdelingsleiar
916 21 147
image7w8pi.png

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

imagecg6uc.png

Søk!

Informasjon

  • Tjeneste

    Allmennlege, Fastlege, Hjemmel/avtale, Lege

  • Arbeidsgiver

    Herøy kommune

  • Sted

    Fosnavåg

  • Land

    Norge

  • Søknadsfrist

    2021-12-09

  • Publiseringsdato

    2021-11-22

  • Søk!

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!