Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Alle treng distriktslegen no

Eg trur på Distriktslegen, den allmennmektige. Ho er parat når du skadar deg i Steigen, og han tar hand om helsa til familien din i Telemark. Men distriktslegane er truga, og styresmaktene må hindre fråfallet no.

Publisert: 2022-06-27 — 08.51

Kasper Schei

UNGE STEMMER-KOMMENTAREN: Kasper Schei (f. 1992), lege i spesialisering (LIS) ph.d., ved Barneavdelinga i Ålesund. 


ALARMEN GÅR
i Kåfjord: «Pustevanskar hos person i slutten av 70-åra. Ber legevakt rykke ut».

Midnattsola snik seg mellom aluminiumsgardina og vinduslista. Distriktslegen søv lett på vakt, og fem minutt seinare er eg inn i ambulansen og køyrer inn i soloppgangen.

EI FIN ROLLE. Å vere nattberedskapen i langstrekte kommunar er ei av dei fine rollene til distriktslegane. Distriktslegen handterer glimrande dei fleste problem, og enda litt fleire med kunnig telefonhjelp frå sjukehuset.

Helsestasjonen, sjukeheimen og det kommunale helsevesenet går på skjener grunna han og ho, fordi distriktslegen klarer å kombinere lokal spisskunnskap med medisinsk breiddekunnskap.

Når distriktslegen skal handtere heile pensum, er det nærast sarkastisk at han og ho ikkje får tid avsett til kursing

DISTRIKTSLEGEN ER TRUGA. Vi veit frå forsking at pasientar får betre helse av fastlegebehandlinga i distriktet enn av å sendast til lokalsjukehuset i tide og utide. Dette gjer helsevesenet effektivt og økonomisk.

Sjølve navet i helsetilbodet på bygda renn likevel ut som sand mellom fingrane våre. Styresmaktene ser ikkje ut til å vilje endre på vilkåra for fastlegane, ut frå siste budsjettforslag. Når fastlegane forsvinn og kontinuiteten glepp, mister ein gullet i fastlegeordninga. Da svekkast resten av helsetilbodet i distriktet, og til slutt tør ikkje folk bu der lenger. Og ærleg talt bør veterinæren få sleppe å hanskast med lungebetennelsar og magekatarr hos oss menneskja.

AVMÅLT FRAMTIDSTRU. Nettopp derfor fekk eg ein støyt av framtidshåp da ein distriktslege frå Vanylven – Sunnmøre sitt svar på Kåfjord – nyss ringde meg på barneavdelinga. Etter nokre barnenevrologiske råd var saka løyst, og barnet slapp da å reise dei fire ferjeturane att og fram til byen.

Denne oppvakte distriktslegen held stand og gjer det mogleg å bu i Vanylven – men det er ikkje sikkert han gidd lenger. Få ønskjer stillingar med legevakt tre døgn i veka utan høve til fagleg utvikling. Når distriktslegen skal handtere heile pensum, er det nærast sarkastisk at han og ho ikkje får tid avsett til kursing. Såkalla «nordsjølegar» kan oppretthalde vaktfunksjonen, men det svekker dei andre funksjonane som distriktslegen har.

NY SOLOPPGANG? I kveld køyrer ein hjelpande distriktslege inn i solnedgangen i Vadsø, Gildeskål og Vinje. Lat oss da håpe det kjem ei ny soloppgang for fastlegeordninga som styrkjer distriktslegen.

Mange gode forslag er komme, som fastlønn, mindre legevakt og høve til ferie og fagleg påfyll. Om ikkje, snakkar vi om eit langtrekt mørke, ein Fimbulvinter, for heile Distrikt-Noreg som vi er så glade i.


Tilleggsopplysning: Forfatteren oppgir ingen interessekonflikter, men opplyser at han hadde LIS1-teneste i Birtavarre i Kåfjord i Nord-Troms og har vært allmennlege etter dette.

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!