Nyheter for deg som jobber i helsevesenet

 
  • DM Pharma
  • Abonnere
  • Annonsere
  • Kontakt oss
  • Nyhetsbrev
  • RSS
  • Facebook
  • Twitter
  • Ledig jobb
  • Logg inn

Det merkelege året

2021 vart året då me jaga forkjølte born og uvaksinerte 50-åringar. I praksis som å springe etter sin egen skygge – den smett raskt unna. Så når skal me byrje å planlegge for nok kapasitet til både infeksjonssjukdommar og planlagt behandling?

Publisert: 2021-12-01 — 11.04

Bjørg Bakke

KOMMUNEHELSE-KOMMENTAREN: Bjørg Bakke, lege i Porsanger kommune og tidligere leder av Norsk medisinstudentforening (Nmf)

I MANGE ÅR høyrde me den eine helseministeren etter den andre snakke om effektivisering, digitalisering, kortare liggetid – og meir dagbehandling i helsevesenet. Helsetenesta skulle levere betre og raskare behandling med færre ressursar.

Den logiske bristen fekk kanskje mindre merksemd fordi det ganske lenge gjekk veldig bra. Heilt til koronaviruset dukka opp.

PROPAGANDA. Fagforeiningane til legar og sjukepleiarar har i mange år ropt varsko om beredskapen i norsk helseteneste. Dei vil ha fleire intensivsenger, større sjukehus og generelt betre bemanning. Politikarar og mediekommentatorar har insinuert lønns- og ressurskamp, og debatten har blitt avfeia med eit pennestrøk eller ein politisk floskel i beste sendetid. Over tid har sjukehus blitt nedlagt, og indirekte har kapasiteten blitt ytterlegare redusert – til tross for befolkningsvekst og endra demografi.

Det kan vere både lettare og billigare å planlegge for betre kapasitet i helsetenesta enn å stenge ned landet kvar vinter. Og kva med ei korona-avgift for uvaksinerte?

Periodevis har influensa og andre virus ført til kortvarige belastningskriser, men desse har blitt løyst ved å omdisponere ressursar mellom helseføretaka. Dei mange hola i vaktplanane har danske og svenske vikarar tetta. Politikarar, byråkratar og økonomar har klappa i hendene. Det er nettopp slik helsetenesta skal vere. Fleksibel og dynamisk.

EIN NY KVARDAG. Då koronaviruset gjorde sitt inntog i fjor, var det naudsynt å stenge ned. Ein visste lite, og ein måtte kjøpe seg tid. Tid til å kjøpe nok smittevernutstyr, diagnostiske verktøy og generelt forstå meir om viruset. Me forklarte nedstenginga av samfunnet med kapasitetsomsyn til helsevesenet – inntil alle hadde blitt vaksinert. Retorikken sa oss at viruset skulle forsvinne. Inntil den dagen skulle vaksiner, overtid hos tilsette og kortvarig pengebruk løyse vanskane våre.

Men etter kvart som samfunnet opna begynte dei gode, gamle problema på nytt å melde seg. Influensaviruset kom tilbake, RS-viruset også. Etterslepet frå 2020 fylte poliklinikkane og eldre, multisjuke fylte igjen opp avdelingane. Med koronaviruset på toppen er rapportane i dag at helsevesenet i fleire delar av landet «kneler», «utsett planlagt behandling» og går i økt beredskap. Sjølv om det berre er 225 innlagte pasientar med korona i eit land med 5,3 millionar innbyggjarar.

SLITASJE. Ute i kommunane er slitasjen også høg. Den normale kvardagen med økt beredskap er like merkeleg som den høyres ut som. Kommunane jagar koronasjuke born med tett nase, legg inn sjuke, uvaksinerte, og prøvar å guide forkjølte, fullvaksinerte foreldre i jungelen av reglar.

Byråkratiet rundt husstand, nærkontakt, isolasjon, karantene, hurtigtest, selvtest og vaksinert/uvaksinert er stort.

JAKT PÅ EIN SKYGGE. Tanken er god, men i praksis er det som å springe etter sin egen skygge – den smett raskt unna. For dette viruset er her for å bli ein del av livet vårt. Det dør opp mot 900 pasientar årleg av influensa utan at me stenger ned landet. Dei fleste av desse er eldre, multisjuke og bur på institusjon. Me innfører ikkje munnbind og besøksforbod av den grunn. Livets naturlege syklus går sin gang, og for dei fleste er ei varm hand betre enn ein klam hanske. Men alle møtes med verdighet og lindring.

For alt det som skjedde i fjor er historie. Det var tiltak og handlingar basert på alt me ikkje visste, men i dag veit me meir. Me veit at koronaviruset blir med oss vidare, og at vintersesongen kanskje må innehalde 200 dagleg innlagte covid-pasientar, 200 influensapasientar og titals barn med RS-virus.

KORONA-AVGIFT? Det store spørsmålet er når skal me byrje å planlegge for det? Når skal me ha langsiktige, tverrpolitiske strategiar om minimumskapasitet? Når skal me fjerne restane av reglar, tiltak, flytskjema og definisjonar som gjer at kommunehelsetenesta går dukken? Når er det nok med sjølvtest, utan å måtte ta PCR-test ved positiv test? Når skal me akseptere at eldre og multisjuke i sjukeheim kan dø av influensa eller korona utan at dei blir isolerte? Når skal me byrje å planlegge for nok kapasitet til både infeksjonssjukdommar og planlagt behandling?

Som samfunn synes det å vere både lettare og billigare å planlegge for betre kapasitet i helsetenesta enn å stenge ned landet kvar vinter. Og, for å unngå å tvangsvaksinere: Kva med ei korona-avgift for uvaksinerte? På same måte som me legg avgift på snus og røyk.

 

Dagens Medisin, fra Kronikk og debattseksjonen i 20/21-utgaven

Nyhetsbrev
Følg med på siste nytt fra Dagens Medisin ved å abonnere på vårt gratis nyhetsbrev og følge oss i sosiale medier.
Del:

Kommentarer

OBS! Du må logge inn for å kommentere

Bli medlem

Nyheter fra startsiden

Nyhetsbrev

Vil du abonnere på vårt nyhetsbrev?

Klikk her!